tirsdag 1. oktober 2013

1AK skog til Silva!!!

Silva på høgfjellstrening, 1 år gammal
















Ser det er på høg tid med litt oppdatering. Det har alt gått to år sidan sist. Silva har fått apportbevis, vore på jakt med Tom og fått både 2AK og 1AK skog på ei helg! Sistenvnte skjedde på VFKs skogsfuglprøve på Stord 28.-29. september. Eg er så stolt av henne og glad for at Tom ville føre henne. Det vart jo heilklaff det. Heilt utruleg og superkjekt!

Det har vore lite agility i det siste sidan mesteparten av tida har gått til å trene Silva og pleie meg sjølv og Thessa. Thessa har kun gått turar og fått trene litt apport og lydighet saman med Silva.

Me får håpe på betre agilitytider framover, men først må me prøve oss på nokre utstillingar for å prøve å få cert på Silva og sjølvsagt trene vidare mot nye jaktprøvar i vinter. No er jo Silva kvalifisert til å stille i VK (vinnarklassen) saman med dei beste hundane, så det blir spennande framover.

I morgon blir det feiring med kake ++++ saman med den supre oppdrettarfamilen til Silvaen ;)

Silva med 1AK og 2AK

onsdag 14. september 2011

Jaktprøvedebut

På tide å skrive litt igjen. Silva har debutert på høgfjellsprøve. Ho deltok to dagar i Raggsteindalen og to dagar på Geilo i august. Det vart berre nesten premie på henne dessverre. Ho hadde ein flott stand på rype og hadde førar (les: meg) vore litt meir erfaren og mindre stressa så hadde det nok blitt premie på henne, men det gjekk ikkje slik. Eg var nok litt for stressa så eg gjekk feil opp til henne, tok opp fuglen og i forfjamselsen glømte eg å skyte ;( Veldig synd fordi då vart det inga uttelling på Silvas arbeid. Sånn er det berre .... Eg synes Silva var flink. Ho søkte stadig betre og betre og kunne nok fått seg ein 3. evt. ein 2. premie. Ho søkjer ikkje langt nok ut enno til å kunne få 1. premie, men det kjem kanskje med meir trening og erfaring. Tida får vise korleis det går. Berre det å få premie på ein jaktprøve for ståande fuglehundar er ein prestasjon. Det har eg iallefall lært. For det første må det eksistere godkjendt type fugl (fortrinssvis rype i høgfjellet) i området me går i, hunden må klare å finne dei (den), ta stand og vere roleg i oppflukt og skudd. Ikkje lite som må klaffe altså for at ein skal kunne snakke om premie. Korleis hunden søkjer virkar og inn på kva premie hunden evt. kan få. Det er fleire kriterier som blir vurdert og må vere av ein viss kvalitet for å oppnå dei ulike premiegradene. Eksempel på slike er: fart, stil, sjølvstendighet, samarbeid med førar m.m.
For å kunne få 1. premie må søket vere svært godt og hunden må etter stand kunne reise fuglen på førars kommando, og sjølvsagt vere tilstrekkeleg roleg etterpå.
Ein hund som ikkje heldt eit premieringsverdig søk vert slått ut. Silva søkte såpass at ho fekk gå heile dagen på alle startane sine. Det er eg fornøgd med. Ho var og heilt sjølvstendig i forhold til makker. Hundane blir slepte to og to, og dommarane bedømmer korleis desse fungerer saman, dvs. om dei er avhengige av kvarandre eller søkjer sjølvstendig. Samarbeidet med førar blir og bedømt. For hundane er det så om å gjere å finne fuglen som eventuelt er i området først, så det er ganske spennande på slike prøver. Det er og svært sosialt. Ein er gjerne opptil 14 hundar med eigarar + dommarar, på eitt parti som går saman i området ein får tildelt. Ein går så saman med desse heile dagen dersom ikkje hunden blir slått ut og avslutta tidleg. Det kan bli lange dagar.
På Geiloprøvens første dag, var Silva og eg ute frå halv ni om morgonen til rundt sju/halv åtte om kvelden.
Dessverre var det lite fugl og Silva kom ikkje i fugl denne dagen. Dermed altså: ingen premie dessverre.

På vår neste start, fann Silva fugl i sitt første slepp og tok ein stilful stand. Eg gjekk opp til henne og denne gongen hugsa eg å skyte ;) Dessverre var det ein bekkasin Silva hadde stått for og denne fuglen er ikkje lenger godkjendt på prøve, så då vart det ingen premie då heller. Harde bud på prøven. Mykje som skal klaffe, det er iallefall sikkert, men kjekt og lærerikt var det iallefall ;)



Silva i stand på orrhøne


fredag 8. juli 2011

Vannapport

I dag har me trent litt vannaport samtidig som eg prøvde å få fine bilder av dei i arbeid, men det var ikkje så lett viste det seg. Eg legg no ut nokre av dei eg tok likevel. Treninga var bra og begge to var flinke ;) Silva trener no med tyngre og større dummy for å lære henne å kunne gape over større objekt og måtte halde og bære tyngre. Grepet hennar blir stadig betre, men eg synes fortsatt ho bærer litt slapt slik at ho har lettare for å "miste" dummyen. Har og trent litt med dummy med rypevinger på i dag og det gjekk fint.


Sitt så fint og ventar på kommando "apport"

Ingenting å sei på vannpasjonen

Har den snart no

Like før

Har han!

Full fart inn for å levere

Snart på land no

Her kjem eg, men no er eg trøtt altså ..."


Jippy. Ny apport

No er eg i gang

Har den
"Her har du den"
Thessa kan, og:







 

onsdag 6. juli 2011

Apport- og duetrening

I det siste har me trent litt hold med stor apportdummy i håp om at overgangen til fugl skal bli lettare. Etter "fiaskoen" på apportprøven på Askøy, har eg starta litt på nytt igjen, men no med større og tyngre apportdummy. Ho har alt blitt flink til å plukke den opp frå bakken og ta grep om midten på den, akkurat som eg ønskjer. Eg har og starta å bruke "omvendt lokking" under "hold"-treninga og det fungerer kjempebra. Når ho nå får "hold-kommando" og ser den opne handa med godbitar, sit ho så fint og heldt med godt grep til "takk" kjem og ho får si belønning. Riktig flink på dette har ho blitt ;) Ellers er ho no ganske bra på å bere når eg ryggar og og når ho må gå "på plass"  og bere. Ho elskar å søke og få finne dummyen og kjem raskt inn med den, stort sett med godt grep om midten. Jobbar vidare for å betre dette, før ho skal få bere "tørr" fugl. Skulle gjerne hatt nokre duer då, men det har eg foreløpig ikkje klart å skaffe meg. Jobbar med det.

Me har og vore på duetrening hos Terje Tørnblom på Askøy og det var skikkeleg artig og inspirerande. Eg likte godt opplegget. Først var det trening på stand på synlege duer i bur framfor oss. Bakk desse sat det ei due i støkkmaskina. Når hunden hadde festa stand, roste me roleg og når me var klare for det kommanderte me reis og dua i støkkmaskina fekk fly ut. Då var det jo om å gjere å få hunden i sitt og det gjekk veldig bra med Silva, synes eg. Ho var ikje så opptatt av dua som flaug men mest av dei som sat igjen. Trur det er fordi eg har pleid å belønne henne med å lukte på setet etter reis når eg har trent ellers. Har gjort det bevist for å få bort fokuset frå å ville springe etter fuglane som er i oppflukt. Ho er no nesten for ivrig på setet, så no må eg nok starte å roe ned tida ho får til å rote rundt der + trene "sitt" når ho driv på der, for derretter å la henne utrede. Høyrest bra ut i teorien, så var det å setje det ut i praksis då ;)

Etter alle hundane hadde fått trene på synstand, vart ei ny due sett ut i støkkmaskina og skjult, men på same plassen som dei hundane hadde trent synstand på sto. Denne gongen måtte hundane altså kople på nasa og søkje etter fuglen. Som forventa, gjekk dei rett imot der det hadde vore fugl før, og då dei ikkje klarte få auge på den, starta dei å bruke nasa, akkurat som me ønskjer dei skal. Silva gjekk raskt ut, og ned i smyg før ho festa stand. Etter ei stund med roleg skryt, fekk ho reise dua og så var det ned i sitt.

Tredje runde var med ny due i skjul, men no på ein annan plass. Hundane vart no nødt til å kople på nasa og til og med klare å gå forbi staden der duene først sat for så å finne der den no var. Silva brukte litt tid på å lokalisere dua, men når ho gjorde det hadde ho ein fin stand. Ho stod ganske nærmt fuglen no, så ho fekk ikkje reise denne gongen, men trent på ro i oppflukt då dua vart støkka ut av støkkemaskina.   Eg var dessverre litt uoppmerksam her så det tok litt lenger tid å få henne i sitt, men sitt vart det, så då var eg fornøgd ;)

Me fekk og trene kun på "ro i oppflukt" ved at me og alle hundane gjekk på linje og duene vart slepp bak oss og framfor oss utan at me visste når. Hundane vart kommanderte i sitt og dette gjekk fint.
På slutten måtte hundane sitje roleg å sjå på duer som sat i eit bur framfor oss på bakken. Veldig god ro-trening. Silva sat nærmast framoverbøygd fordi ho hadde så lyst å sjekke ut duene nærmare, men ho sat fint til ho fekk "fri-kommando".
Veldig fornøgd og inspirert til å trene vidare :)

Ei svært ung Silva trener på rypevinge
No er det tid for tur + litt trening ;)

fredag 1. juli 2011

Diverse trening

Har trent lite i det siste egentleg, men hadde to fine økter i går: ei med agility og ei med lydighet. Silva var ganske flink i første økta, men gjorde det beste i kveldsøkta då ho var så med at eg for første gong kunne handle henne og foreta framforbytter og det var skikkeleg flyt i "løpet" ;) Bana bestod kun av to hopp, tunnell i bue og så to hopp igjen, men ho følgje godt og søkte fram sjølvstendig. Kjempegøy :)
Thessa hadde fine slalominngangar og bra flyt på formiddagsøkta og var flink på lydigheten om kvelden. Eg testa innkalling med stå og den fungerte utmerka: Brå stopp og ingen forflyyting av poter før "fri"-kommandoen kom. Så fornøgd ;) Etterpå trente me på framsending til rute, og her har me masse trening igjen før ho forstår det. Første forsøk endte i apport av eine kjegla .... Andre forsøk vart stå bak eine kjegla og nesten ta nasetarget på den ..., men i tredje sto ho faktisk inne i ruta, men trur nok neppe ho forstod at det var der eg ville ho skulle stå, men, men ...  Ho fekk leiken sin og me leikte ganske lenge inne i ruta i håp om at ho skal kople at det er der det skjer og er gøy ;)

I neste økt trente eg på hopp over hinder med sitt. Starta med sitt momentet og dette tok ho kjapt heldigvis. Problemet vart etterkvart at ho sette seg litt for langt til høgre for hoppet etter å ha hoppa over det. Trente då kun på "hopp over hinderet" og kasta ballen til venstre i håp om at ho då ville plassere seg der etterpå når "sitt"-kommandoen kom med og jippy: Det fungerte :) Etter hopp-kommando, sette ho seg beint framfor hoppet (vendt mot meg som ho skulle) :) Veldig fornøgd med det, så no øyner eg eit håp om start i klasse 2 om ikkje så altfor lenge ;)
Tida får vise om me får trent nok til at ho forstår ruta og så må me trene avstandskommando og meir på fellesdekk med skjult førar og sjølvsagt finpussa det ho "kan" frå før: fri ved foten, apportering, stå under marsj +++

Silva fekk trene "sitt" med forstyrrelsar i form av kasting av leike ved sida og framfor henne + nokre sittar under marsj. Ein kort seanse med "fri ved foten" vart det, og + ei innkalling med fokus på fart. Ho var flink vesle vorsteh-jenta mi ;)

Gøy trening!!

Ellers har Silva vore på dobbelutstilling og gjort det bra: 2 x Excellent med CK ;) Vinnar av juniorklassen + 2. beste tispe eine dagen :) Kjempefornøgd ;)



Me prøvde oss og på apportprøve, men der gjekk det som det måtte gå: ingen premie :( Hadde trent altfor lite med fugl, så fuglen kom nok ikkje heilt inn til matmor dessverre .... Ho søkte bra og fann den, plukka den opp, men bærer altfor slapt og dårleg slik at ho lett mister den.

På vannaporten sat ho fint i ro i kastet, brukte litt tid på å komme seg uti vatnet, men svømte godt og henta fuglen inn på land. Igjen slapp ho den ned og nekta å ta den opp igjen og bære den heit inn til meg. Ho fekk godkjendt her, men pga "stryk" på søk-apporten vart det altså ingen premie på oss.

Me får berre trene vidare og terpe på "hold" og bæring, tenkjer eg ;) Kanskje me prøver oss igjen i løpet av sommaren, men ser an korleis treninga går først.

Legg ved bilder av Silva som trener agility. Bilda er tatt av Charlotte Bogetveit.




Og to av Thessa som ELSKAR agility ;)

"Jippy. Dette er så gøy ;)"

"Kosar meg ;)"

tirsdag 3. mai 2011

Vannapport

Sidan eg ikkje kan bære eller gå med hundane i bånd for tida, har eg måtte trent der eg kan ha dei laus. Sidan det har vore, og er, fint ver og bra varme no for tida, har me starta vannapportstreninga for sesongen. Thessa elskar jo å svømme så for henne er jo dette "gull". Silva har akkurat lært seg å svømme og har ikkje akkurat funne rytmen og teknikken enno, men ho likar det og gjer ikkje opp om ho ikkje tør hive seg utpå i første forsøk. På sin 4 svømmetreningsdag klarte ho å vannapportere apporten 10-15 meter uti vatnet. Det vart mindre plasking, og, så får håpe ho ganske raskt klarar å halde seg meir vannrett i vatnet og dermed unngå for mykje plasking. Har jo lyst til å få trent henne slik at ho blir klar for apportprøve i sommar ;)

Mykje spruting, men apportbukken har ho henta og kunst blir det jo ....

Trur eg må uti snart, og....

Ser litt spennande ut det der.....

Ei våt Thessa klar for ny svømmetur
Silva lagar kunst i vatnet ;)

                                        

torsdag 21. april 2011

Endeleg blogg for villdyra mine ;)

Har akkurat mista alt eg hadde skrive, men får prøve igjen. Får lagre heile tida no då.... Skal skrive litt om livet med, og treninga av, korthårs vorsteherern Silva og border collien Thessa på denne bloggen, tenkte eg. Den er foreløpig svært uferdig og amatørmessig, men håpar den blir litt betre etterkvart som eg får sett meg meir inn i korleis redigeringssystemet virkar her. Ganske frustrerande med alle desse malane og styret for ein som er vant med å programmere alt sjølv og dermed kunne få det nøyaktig der eg vil ha det, men men, har tenkt å gje opplegget + meg ein sjanse og sjå kor mykje tolmodighet eg har .... ;)
Nokre bilder av hovud-"personane":
KV Skåtfjellets Silva, 1 år
BC Marybyrkj Thessa, 7 år

Jentene trener "flat dekk"
"Ka` i all verden gjer du heilt der oppe?"

Dersom det er nokon som les dette, håpar eg dei likar det og vil følgje med oss innimellom ;)
Riktig god påske :)