Thessa



Marybyrkj Thessa

Thessa er ei border collie jente på 7 år og ho kjem frå Kennel Marybyrkj i Nordheimsund. Ho er ei snill, roleg men og svært treningsvillig hund ;) Ho kjem frå gode gjetarlinjer, men blir dessverre ikkje brukt på sau. Trur nok ho kunne blitt god hadde ho blitt trent frå ho var liten, men, men ho kosar seg med litt lydighet, masse agility og turar og kos. Av resultat har ho 1. premie i lydighetsklasse 1 og dermed opprykk til klasse 2. Matmor har dessverre ikkje manna seg opp til å få trent inne heile klasse 2 programmet så ho har ikkje fått deltatt der enno, men kanskje ein dag .... For tida konkurrerer ho i klasse 2 i agility og hopp og satsar på å få opprykksnappa ho manglar for å kunne konkurrere i klasse 3 i løpet av året ;) Flink og rask er ho så visst berre matmor skjerpar seg så går det forhåpentlegvis bra.
Ellers har ho vore med å trent både søk apport og vannapport ala ståande fuglehundar, rundering, blodspor og litt feltsøk og ho elskar alt berre det er trening :)

Full konsentrasjon om godbiten på snuten. "Når kjem klarsignalet?"
Slappar av i hagen
Etter ein vellukka vannapport

Sitte bamse kan ho og ;)
4 kg tung apportbukk er stas :)

På agilitykonkurranse

Thessa går slalom