Silva

Skåtfjellets AZH Silva

Silva er ein korthåra vorsteh på 1 år som kjem frå Kennel Skåtfjellet på Voss. Ho er ei snill, aktiv og glad jente som likar fart, moro og kos. Sidan ho er ein ståande fuglehund som er laga for å jakte og finne fugl, blir ho trent med hensyn til dette, dvs. både i jaktrelatert lydighet og i apport. Ho har og starta litt agilitytrening og skal få prøve seg meir på dette etter kvart. Ho har vore med på som observatør på rypetaksering, skogsfuglprøve og høgfjlellsprøve. Det gjekk fint og var kjekt og interessant både for henne og meg ;) I begynnelsen på april i år stilte me på vår første jaktprøve og det gjekk ikkje så verst. Matmor var nok litt for prega av det heile, så ho vart litt oppkava og stressa og ødela nok dessverre litt for Silva, men me er fornøgde likevel. Silva fekk vist både stand, reis og sekundering, men var litt for uroleg til å få godkjendt fuglearbeid denne gongen, så derned ingen premie. Ho fekk gode karakterar for presisjon og reis og det tar me med oss som noko positivt :) Søket hennar og sjølvstendigheten må bli betre og, så me trenar vidare for å kunne prøve oss igjen til høsten. Blir spennande ;)

Vannpasjon har ho ;)
 
På veg mot apportbukken

Og der var apportbuken komt vel på land ;)

Trening på rypevinge 3 månader gammal.


Ikkje lett å styre fiskestanga, hunden og kameratet samtidig derfor så halvtullete bilde over .....