fredag 8. juli 2011

Vannapport

I dag har me trent litt vannaport samtidig som eg prøvde å få fine bilder av dei i arbeid, men det var ikkje så lett viste det seg. Eg legg no ut nokre av dei eg tok likevel. Treninga var bra og begge to var flinke ;) Silva trener no med tyngre og større dummy for å lære henne å kunne gape over større objekt og måtte halde og bære tyngre. Grepet hennar blir stadig betre, men eg synes fortsatt ho bærer litt slapt slik at ho har lettare for å "miste" dummyen. Har og trent litt med dummy med rypevinger på i dag og det gjekk fint.


Sitt så fint og ventar på kommando "apport"

Ingenting å sei på vannpasjonen

Har den snart no

Like før

Har han!

Full fart inn for å levere

Snart på land no

Her kjem eg, men no er eg trøtt altså ..."


Jippy. Ny apport

No er eg i gang

Har den
"Her har du den"
Thessa kan, og:







 

onsdag 6. juli 2011

Apport- og duetrening

I det siste har me trent litt hold med stor apportdummy i håp om at overgangen til fugl skal bli lettare. Etter "fiaskoen" på apportprøven på Askøy, har eg starta litt på nytt igjen, men no med større og tyngre apportdummy. Ho har alt blitt flink til å plukke den opp frå bakken og ta grep om midten på den, akkurat som eg ønskjer. Eg har og starta å bruke "omvendt lokking" under "hold"-treninga og det fungerer kjempebra. Når ho nå får "hold-kommando" og ser den opne handa med godbitar, sit ho så fint og heldt med godt grep til "takk" kjem og ho får si belønning. Riktig flink på dette har ho blitt ;) Ellers er ho no ganske bra på å bere når eg ryggar og og når ho må gå "på plass"  og bere. Ho elskar å søke og få finne dummyen og kjem raskt inn med den, stort sett med godt grep om midten. Jobbar vidare for å betre dette, før ho skal få bere "tørr" fugl. Skulle gjerne hatt nokre duer då, men det har eg foreløpig ikkje klart å skaffe meg. Jobbar med det.

Me har og vore på duetrening hos Terje Tørnblom på Askøy og det var skikkeleg artig og inspirerande. Eg likte godt opplegget. Først var det trening på stand på synlege duer i bur framfor oss. Bakk desse sat det ei due i støkkmaskina. Når hunden hadde festa stand, roste me roleg og når me var klare for det kommanderte me reis og dua i støkkmaskina fekk fly ut. Då var det jo om å gjere å få hunden i sitt og det gjekk veldig bra med Silva, synes eg. Ho var ikje så opptatt av dua som flaug men mest av dei som sat igjen. Trur det er fordi eg har pleid å belønne henne med å lukte på setet etter reis når eg har trent ellers. Har gjort det bevist for å få bort fokuset frå å ville springe etter fuglane som er i oppflukt. Ho er no nesten for ivrig på setet, så no må eg nok starte å roe ned tida ho får til å rote rundt der + trene "sitt" når ho driv på der, for derretter å la henne utrede. Høyrest bra ut i teorien, så var det å setje det ut i praksis då ;)

Etter alle hundane hadde fått trene på synstand, vart ei ny due sett ut i støkkmaskina og skjult, men på same plassen som dei hundane hadde trent synstand på sto. Denne gongen måtte hundane altså kople på nasa og søkje etter fuglen. Som forventa, gjekk dei rett imot der det hadde vore fugl før, og då dei ikkje klarte få auge på den, starta dei å bruke nasa, akkurat som me ønskjer dei skal. Silva gjekk raskt ut, og ned i smyg før ho festa stand. Etter ei stund med roleg skryt, fekk ho reise dua og så var det ned i sitt.

Tredje runde var med ny due i skjul, men no på ein annan plass. Hundane vart no nødt til å kople på nasa og til og med klare å gå forbi staden der duene først sat for så å finne der den no var. Silva brukte litt tid på å lokalisere dua, men når ho gjorde det hadde ho ein fin stand. Ho stod ganske nærmt fuglen no, så ho fekk ikkje reise denne gongen, men trent på ro i oppflukt då dua vart støkka ut av støkkemaskina.   Eg var dessverre litt uoppmerksam her så det tok litt lenger tid å få henne i sitt, men sitt vart det, så då var eg fornøgd ;)

Me fekk og trene kun på "ro i oppflukt" ved at me og alle hundane gjekk på linje og duene vart slepp bak oss og framfor oss utan at me visste når. Hundane vart kommanderte i sitt og dette gjekk fint.
På slutten måtte hundane sitje roleg å sjå på duer som sat i eit bur framfor oss på bakken. Veldig god ro-trening. Silva sat nærmast framoverbøygd fordi ho hadde så lyst å sjekke ut duene nærmare, men ho sat fint til ho fekk "fri-kommando".
Veldig fornøgd og inspirert til å trene vidare :)

Ei svært ung Silva trener på rypevinge
No er det tid for tur + litt trening ;)

fredag 1. juli 2011

Diverse trening

Har trent lite i det siste egentleg, men hadde to fine økter i går: ei med agility og ei med lydighet. Silva var ganske flink i første økta, men gjorde det beste i kveldsøkta då ho var så med at eg for første gong kunne handle henne og foreta framforbytter og det var skikkeleg flyt i "løpet" ;) Bana bestod kun av to hopp, tunnell i bue og så to hopp igjen, men ho følgje godt og søkte fram sjølvstendig. Kjempegøy :)
Thessa hadde fine slalominngangar og bra flyt på formiddagsøkta og var flink på lydigheten om kvelden. Eg testa innkalling med stå og den fungerte utmerka: Brå stopp og ingen forflyyting av poter før "fri"-kommandoen kom. Så fornøgd ;) Etterpå trente me på framsending til rute, og her har me masse trening igjen før ho forstår det. Første forsøk endte i apport av eine kjegla .... Andre forsøk vart stå bak eine kjegla og nesten ta nasetarget på den ..., men i tredje sto ho faktisk inne i ruta, men trur nok neppe ho forstod at det var der eg ville ho skulle stå, men, men ...  Ho fekk leiken sin og me leikte ganske lenge inne i ruta i håp om at ho skal kople at det er der det skjer og er gøy ;)

I neste økt trente eg på hopp over hinder med sitt. Starta med sitt momentet og dette tok ho kjapt heldigvis. Problemet vart etterkvart at ho sette seg litt for langt til høgre for hoppet etter å ha hoppa over det. Trente då kun på "hopp over hinderet" og kasta ballen til venstre i håp om at ho då ville plassere seg der etterpå når "sitt"-kommandoen kom med og jippy: Det fungerte :) Etter hopp-kommando, sette ho seg beint framfor hoppet (vendt mot meg som ho skulle) :) Veldig fornøgd med det, så no øyner eg eit håp om start i klasse 2 om ikkje så altfor lenge ;)
Tida får vise om me får trent nok til at ho forstår ruta og så må me trene avstandskommando og meir på fellesdekk med skjult førar og sjølvsagt finpussa det ho "kan" frå før: fri ved foten, apportering, stå under marsj +++

Silva fekk trene "sitt" med forstyrrelsar i form av kasting av leike ved sida og framfor henne + nokre sittar under marsj. Ein kort seanse med "fri ved foten" vart det, og + ei innkalling med fokus på fart. Ho var flink vesle vorsteh-jenta mi ;)

Gøy trening!!

Ellers har Silva vore på dobbelutstilling og gjort det bra: 2 x Excellent med CK ;) Vinnar av juniorklassen + 2. beste tispe eine dagen :) Kjempefornøgd ;)



Me prøvde oss og på apportprøve, men der gjekk det som det måtte gå: ingen premie :( Hadde trent altfor lite med fugl, så fuglen kom nok ikkje heilt inn til matmor dessverre .... Ho søkte bra og fann den, plukka den opp, men bærer altfor slapt og dårleg slik at ho lett mister den.

På vannaporten sat ho fint i ro i kastet, brukte litt tid på å komme seg uti vatnet, men svømte godt og henta fuglen inn på land. Igjen slapp ho den ned og nekta å ta den opp igjen og bære den heit inn til meg. Ho fekk godkjendt her, men pga "stryk" på søk-apporten vart det altså ingen premie på oss.

Me får berre trene vidare og terpe på "hold" og bæring, tenkjer eg ;) Kanskje me prøver oss igjen i løpet av sommaren, men ser an korleis treninga går først.

Legg ved bilder av Silva som trener agility. Bilda er tatt av Charlotte Bogetveit.




Og to av Thessa som ELSKAR agility ;)

"Jippy. Dette er så gøy ;)"

"Kosar meg ;)"