onsdag 14. september 2011

Jaktprøvedebut

På tide å skrive litt igjen. Silva har debutert på høgfjellsprøve. Ho deltok to dagar i Raggsteindalen og to dagar på Geilo i august. Det vart berre nesten premie på henne dessverre. Ho hadde ein flott stand på rype og hadde førar (les: meg) vore litt meir erfaren og mindre stressa så hadde det nok blitt premie på henne, men det gjekk ikkje slik. Eg var nok litt for stressa så eg gjekk feil opp til henne, tok opp fuglen og i forfjamselsen glømte eg å skyte ;( Veldig synd fordi då vart det inga uttelling på Silvas arbeid. Sånn er det berre .... Eg synes Silva var flink. Ho søkte stadig betre og betre og kunne nok fått seg ein 3. evt. ein 2. premie. Ho søkjer ikkje langt nok ut enno til å kunne få 1. premie, men det kjem kanskje med meir trening og erfaring. Tida får vise korleis det går. Berre det å få premie på ein jaktprøve for ståande fuglehundar er ein prestasjon. Det har eg iallefall lært. For det første må det eksistere godkjendt type fugl (fortrinssvis rype i høgfjellet) i området me går i, hunden må klare å finne dei (den), ta stand og vere roleg i oppflukt og skudd. Ikkje lite som må klaffe altså for at ein skal kunne snakke om premie. Korleis hunden søkjer virkar og inn på kva premie hunden evt. kan få. Det er fleire kriterier som blir vurdert og må vere av ein viss kvalitet for å oppnå dei ulike premiegradene. Eksempel på slike er: fart, stil, sjølvstendighet, samarbeid med førar m.m.
For å kunne få 1. premie må søket vere svært godt og hunden må etter stand kunne reise fuglen på førars kommando, og sjølvsagt vere tilstrekkeleg roleg etterpå.
Ein hund som ikkje heldt eit premieringsverdig søk vert slått ut. Silva søkte såpass at ho fekk gå heile dagen på alle startane sine. Det er eg fornøgd med. Ho var og heilt sjølvstendig i forhold til makker. Hundane blir slepte to og to, og dommarane bedømmer korleis desse fungerer saman, dvs. om dei er avhengige av kvarandre eller søkjer sjølvstendig. Samarbeidet med førar blir og bedømt. For hundane er det så om å gjere å finne fuglen som eventuelt er i området først, så det er ganske spennande på slike prøver. Det er og svært sosialt. Ein er gjerne opptil 14 hundar med eigarar + dommarar, på eitt parti som går saman i området ein får tildelt. Ein går så saman med desse heile dagen dersom ikkje hunden blir slått ut og avslutta tidleg. Det kan bli lange dagar.
På Geiloprøvens første dag, var Silva og eg ute frå halv ni om morgonen til rundt sju/halv åtte om kvelden.
Dessverre var det lite fugl og Silva kom ikkje i fugl denne dagen. Dermed altså: ingen premie dessverre.

På vår neste start, fann Silva fugl i sitt første slepp og tok ein stilful stand. Eg gjekk opp til henne og denne gongen hugsa eg å skyte ;) Dessverre var det ein bekkasin Silva hadde stått for og denne fuglen er ikkje lenger godkjendt på prøve, så då vart det ingen premie då heller. Harde bud på prøven. Mykje som skal klaffe, det er iallefall sikkert, men kjekt og lærerikt var det iallefall ;)



Silva i stand på orrhøne


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar