For å kunne få 1. premie må søket vere svært godt og hunden må etter stand kunne reise fuglen på førars kommando, og sjølvsagt vere tilstrekkeleg roleg etterpå.
Ein hund som ikkje heldt eit premieringsverdig søk vert slått ut. Silva søkte såpass at ho fekk gå heile dagen på alle startane sine. Det er eg fornøgd med. Ho var og heilt sjølvstendig i forhold til makker. Hundane blir slepte to og to, og dommarane bedømmer korleis desse fungerer saman, dvs. om dei er avhengige av kvarandre eller søkjer sjølvstendig. Samarbeidet med førar blir og bedømt. For hundane er det så om å gjere å finne fuglen som eventuelt er i området først, så det er ganske spennande på slike prøver. Det er og svært sosialt. Ein er gjerne opptil 14 hundar med eigarar + dommarar, på eitt parti som går saman i området ein får tildelt. Ein går så saman med desse heile dagen dersom ikkje hunden blir slått ut og avslutta tidleg. Det kan bli lange dagar.
På Geiloprøvens første dag, var Silva og eg ute frå halv ni om morgonen til rundt sju/halv åtte om kvelden.
Dessverre var det lite fugl og Silva kom ikkje i fugl denne dagen. Dermed altså: ingen premie dessverre.
På vår neste start, fann Silva fugl i sitt første slepp og tok ein stilful stand. Eg gjekk opp til henne og denne gongen hugsa eg å skyte ;) Dessverre var det ein bekkasin Silva hadde stått for og denne fuglen er ikkje lenger godkjendt på prøve, så då vart det ingen premie då heller. Harde bud på prøven. Mykje som skal klaffe, det er iallefall sikkert, men kjekt og lærerikt var det iallefall ;)
![]() |
Silva i stand på orrhøne |